Det er Lotteritilsynet som har hatt ansvaret for utviklingsarbeidet, og det er også tilsynet som har ansvar for innhald og oppdatering. Imbera AS har stått for webdesign og publiseringsløysing.Tanken er at nettsida skal vere lett å navigere i, og gje mest mogeleg hjelp og informasjon til alle som slit med speleavhengigheitsproblem.
Ikkje berre speleavhengige skal finne hjelp her, men også pårørande og andre i nettverket rundt speleavhengige.
Hjelpelinja er organisert som eit samarbeid mellom Lotteritilsynet og Sykehuset Innlandet HF Sanderud. Lotteritilsynet har resultatansvar og ansvar for informasjon og marknadsføring, mens telefonen fysisk er lagt til ”Avdeling for rusrelatert psykiatri og avhengighet”, som er ein sengepost ved Sykehuset Innlandet HF Sanderud.
Målsettinga med Hjelpelinjen er å:
o hjelpe menneske i krise
o vise til anna hjelp, mellom anna behandling
o samle informasjon om speleavhengighet
Telefonen har nr: 800 800 40, og er betjent av helsepersonell som har fått spesialopplæring.