Lotteri- og stiftelsestilsynet er eit statleg organ med to underliggjande fagtilsyn som har felles direktør og administrasjon.
Lotteritilsynet vart oppretta 1. januar 2001, og er eit direktorat og tilsynsorgan for å forvalte og kontrollere private lotteri og statlege spel. Bakgrunnen var eit ønskje frå Stortinget om å få betre kontroll med den veksande marknaden for spel og lotteri i Norge.
Stiftelsestilsynet vart oppretta 1. januar 2005, og har no ansvaret for tilsyn og kontroll av alle stiftelsar i Norge etter Stiftelseslova. Dette ansvaret låg tidegare til Fylkesmannsembetet.
Lotteri- og stiftelsestilsynet ligg i Førde i Sogn og Fjordane, med Kultur- og kyrkjedepartementet som overordna fagdepartement, men Justis- og politidepartementet er fagleg overordna for stiftelsesområdet.