Tilskot 2010 - status pr. 24 august
Publisert: 24.08.2010
Lotteritilsynet har motteke 383 søknader om tilskot frå Norsk Tippings speleoverskot. Søknadsfristen var 1. juni. Samla søknadsbeløp er 50,2 millionar kroner. Lotteritilsynet tek sikte på å sende ut brev om førebels tildeling innan utgangen av veke 37. Utbetaling vil skje i løpet av fjerde kvartal.
Betalingsproblem i utlandet?
Publisert: 22.07.2010
Ei rekkje medieoppslag 20. - 21. juli i år, tyder på at fleire nordmenn har fått problem med sine betalingskort i svenske ”spelekioskar”, sjølv om dei berre ville handle heilt andre varer. Tidlegare i sommar er det også rapportert om vanskar med å få betalt og bestilt hotellopphald i Las Vegas med norske betalingskort, i dei tilfelle der hotell og kasinodrift er integrert.
Tilbod om å tene mykje pengar på kort tid? Tenk deg om !
Publisert: 16.07.2010
Lotteritilsynet har i det siste fått mange spørsmål frå publikum om nettverkssal og pyramideliknande aktivitetar. På generelt grunnlag åtvarar vi no folk mot å delta i verksemd der det blir lova stor økonomisk vinning. Dette gjeld spesielt der vinninga i stor grad kjem frå verving av nye deltakarar.